"Ferdaminni fraa Sumaren 1860" er ei samling frittståande epistlar eller reisebrev. Mønsteret til ei reisebok av dette slaget fann Vinje i europeisk litteratur. Men boka er ikkje bare ei reiseskildring. Den er sosiologisk og sosialøkonomisk i grunntendensen. Det forfattaren opplever er bare eit påskudd til resonnement og utvikling av tankerekkjer.