Svøm med dem som drukner

Med utgangspunkt i eit lite småbruk i Gudbrandsdalen, ei forrykande forteljing med familiehemmeligheter i lag på lag. Heng med!

Lars Mytting er han som hadde kjempesuksess med boka om ved i 2011. Dette er noko heilt anna, ein spennande roman. 23 år gamle Edvard har vokse opp på ein potetgard i Gudbrandsdalen. Då han var 3 år gammal, var han i Frankrike saman med far og si franske mor. Der blei foreldra funne drukna i ei elv. Det var mistanke om at dei hadde tråkka på ein gassgranat frå 1. verdskrig, men saka blei aldri heilt oppklart. Edvard var forsvunnen i 4 dagar, og dukka opp igjen på eit legekontor langt unna staden. Han hugsar ingenting. Besteforeldra tek seg av han, og snart er det bare han og bestefar, og saka blir ikkje snakka om. Då bestefar døyr når Edvard er 23 år, begynner han å nøsta i familiehemmelighetane. Bestefar hadde ein bror som han rauk uklar med. Edvard trur at han fall i andre verdskrig, men det gjorde han altså ikkje. Spora fører til Shetland, og Edvard dreg fyrst dit. Seinare går ferda til Frankrike. Kva skjedde eigentleg den gongen i 1971? Det er heilt utruleg kor mykje drama og mystiske omstendigheter forfattaren klarer å putta inn i denne familiehistoria. Kvar gong du trur du begynner å få oversikt, kjem det nye moment. Denne må du få med deg i år!

Målgruppe:

Tipset av: Ingeborg Bjelland 2. juni 2015