Seks planter som forandret verden

Pepper, kaffe, bomull, tobakk, sukker, og poteter... Tenk at så kvardagslege ting kan ha ein så spennande historie !

Denne boka handlar altså om heilt "vanlege"  planter som er gått inn i kvardagen vår som heilt sjølvsagde ting. Kan dette vera noko å skriva om, og kan det vera interessant? Eg blei rett og slett nysgjerrig på det, og fekk eit spennande møte med desse plantene. Forfattaren er botanikar, og kombinerer botanikk og kulturhistorie. Kvar plante får si historie. Først om opphavet, kvar dei stammar frå, og korleis dei spredde seg utover verda, og så historiar om korleis dei blei sett på, og bruken av dei. Her er rett og slett mykje dramatikk. Her er oppdagelsesreisande som fraktar plantene med seg, slavetrafikk og smugling. Plantene blir ein del av kampen om makt og rikdom. Dei representerer store verdiar. Plantene fekk mykje å seia for vår måte å leva på. Tenk deg eit liv utan pepper til å krydra maten med, for ikkje å snakka om sukker som er blitt så viktig for oss. Tenk deg klesskapet ditt utan bomull, tenk deg kvardagen utan kaffikoppen, eit  kosthald utan poteter. Poteten har nok vore med å berga mange frå sveltedøden. Poteten sitt inntog til Norge, er jo ein historie for seg. Det var mykje skepsis før den blei ein naturleg del av kosthaldet. Lenge var den veldig viktig i norsk kosthald, og er det dels ennå, men i dag er det og mange som velger vekk poteten. Slik har synet på desse plantene variert mykje gjennom historia og i ulike kulturar . Tenk på tobakk f.eks,, den har vore brukt som medisin, den har vore ein del av "det gode liv", den har vore forbudt, og sett på som helseskadelig. Det blir jo sagt at dersom tobakken blei introdusert for Norge i dag, ville den aldri sluppe over grensa. Bomull har jo og ein spesiell historie, nært knytta til slavehandelen. I dag har vi ikkje plantasjar drivne av slavar lenger, men vi har utfordringar i forhold til produksjon av bomullsklær. Arbeidsforholda er umenneskelege mange stader, og korleis skal vi forhalda oss til det, når vi kjøper klær på billigsalg. Dette er bare nokre eksempel på tema som boka tek opp. Her er uendeleg mykje meir. Denne boka kan kanskje sjå litt "kjedeleg" ut, men den er verkeleg spennande.

 

Målgruppe:

Tipset av: Ingeborg Bjelland 23. januar 2015