Rekrutten av Robert Muchamore, Ian Edginton og John Aggs

James gjer den jobben han vert sett til utan rakettpakker eller sko med telefoner. Her er ikkje alle skurkar vonde og alle agentar gode, i James si verd er alle ein skugge grå.

I regnfulle England veks James Choke opp med ei alkoholisert mor og utan far. Han og halvsystera prøver febrilsk å halde hovud oppe. Så finn han mora dø, han hamner på barneheim og halvsystera hjå sin far som ikkje har nokon ide korleis han kan passe på henne. Etter eit mislykka forsøk på å stele øl for å tøffa seg får han beskjed frå politiet: Den vegen han er på veg ned vil ende bak murane.

Så vaknar han på ein heilt ny plass med nye klede. Han har fått ein ny sjanse, og det i dei hemmelege tenestene. MI5 sin barneavdeling, CHERUB. CHERUB-agenter er mellom ti og sytten år gamle. Dei vart oppretta då ein såg at barn og unge kan infiltrere stader der vaksne ikkje ville kome seg inn.

Unge guter og jenter som vert hemmelige agentar er vel ikkje heilt nytt. Frå før har ein både Alex Rider og den unge James Bond. Men dette er som den siste rebooten av James Bond, her er ikkje søkjelyset på alle dingsane og pene menn og kvinner. Her er historia om ein vanleg gut som vert gjeven ein heilt unik sjanse og hans kamp for å klare det. For det er ein kamp. Sjølv på oppdrag, eit oppdrag som om det mislukkas, vil ha verdsomspennande konsekvensar, er det truverdig. James gjer den jobben han vert sett til utan rakettpakker eller sko med telefoner. Her er ikkje alle skurkar vonde og alle agentar gode, i James si verd er alle ein skugge grå.

Teikningane kler historia. Litt røffe og kantete. Dei står ikkje ut som kunstverk men fortel saman med teksten historia effektivt. Dette er ikkje for dei yngste, men for deg som veit at teikneseriar er meir enn Donald og Pondus og er lei av søte manga-ansikt.

Eg fekk aldri lese originalen som var med i txt-aksjonen i 2009. Robert Muchamore har kome ut med sju bøker til nå på norsk, på originalspråket engelsk er serien avslutta, til saman tolv bøker.. Ho er tilrettelagd for teikneserie av Ian Edginton. Ho er teikna av John Aggs. Til nå er berre Rekrutten gitt ut som teikneserie.

Samlaget gav denne ut. Den er skreve på nynorsk og er ein del av haustens tXt-aksjon: Smak. Om du ynskjer meir informasjon om CHERUB, sjå http://www.cherubcampus.com/index.html

Målgruppe:

Tagger:

Tipset av: Bjørn Veen 28. august 2013