Bokshow Nomino

Arrangement
Pris: Gratis
Målgruppe:

Kva betyr Ålgård, Homse, Gjesdal, Rogaland og Noreg? Kvifor heiter det Pølsesvingen og Mississippiskogen i Stavanger? Kvifor er det nye fylkesnamnet Vestland så provoserande? Tenkjer du nokosinne over namna på vegskilta rundt deg, eller tek du dei for gitt?

Tek du deg ein tur til biblioteket på Ålgård laurdag 10. november vil du bli litt klokare, og du vil få trimma lattermusklane når Gøril Grov Sørdal kåserer og les høgt frå si nye bok om norske stadnamn. Trur du at stadnamn er kjedelege, så tru om att!


Vil du kjøpe boka? Ta med 399 kroner, så får du ein signatur med på kjøpet.