Gjer deg ei erfaring rikare med denne boka. Destruktive forhald er livsfarlege.
Mia har flytta frå bygda og byrja, og slutta, på vidaregåande skule i Oslo. No jobbar ho som barnehageassistent. I jobb føler ho seg vaksen, ho glir frå bestevenninna Karla som framleis går på skule. Ho får treff på Tinder med ein kjekk fyr, litt eldre, 10 +, men særs kjekk, og vaksen. Så, plutseleg, er dei sambuarar, og Mia svever.
Men snart viser sambuaren ei anna side, ei mørkare. Og slik vert forholdet, varmt og kaldt, og etter ei spesiell ekkel episode vil ho vekk. Men det er ikkje så lett. Då kan det vere greitt å ikkje heilt gje opp venninner.
I historia får du små drypp, frå Mia si oppvekst som ikkje var greitt og det kjem fram at ho lenge har skreve og framført dikt. Så om forholdet vert eit mareritt, finns det og noko å drøyme om?
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
Om boken
Sterk debut om å vere fanga i eit destruktivt forhold. Mia har flytta til Oslo frå ein liten tettstad, ho kjenner seg utafor og retningslaus i den store byen. Men ein dag møter ho ein eldre mann på Tinder, han er kjekk, erfaren og får ho til å føle seg spesiell. Ho flyttar raskt inn til han, men etter kvart dukkar det opp stadig fleire raude flagg. Han er kontrollerande, sjalu og manipulerande. Mia må prøve å finne ein veg ut, men den vegen skal vise seg å vere vanskeleg å finne. Sytten, snart atten er ein medrivande, intens og urovekkande ungdomsroman om å vere ung, sårbar og forelska. Han handlar om psykisk vald i nære relasjonar, og om kor vanskeleg det kan vere å kome seg ut av ein øydeleggande relasjon. Roman for ungdomstrinnet/unge voksne.