Krig, natur og krigens natur
Krigen raser. Samfunnet rasar saman. Det er som heile verda er fanga i ein voldsvind. Men alle stormar har eit roleg auge, og der er John Arnheim og hans jegre no. Medan alt militært personell og utstyr gjerest klar for det siste slaget freisterArnheim å drive ein kvegflokk frå heimgarden og til trygt bak muren. Men sjølv ikkje der ute i øydemarka slepp dei fri frå krigen.
Del to av Raudt støv held fram historia om undergang, der vonde augeblikk fort vert avløyst av vakre, men augeblikk er berre så lenge ein kan venta seg å kjenne lukke her, det er ei mørk forteljing.
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
Om boken
Andre bok i mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore Kvæven Året er 2060. Fienden rykker inn. Generalløytnant John Arnhem trur ikkje lenger at krigen kan vinnast. Desillusjonert reiser han ut i Tanamiørkenen på eit siste oppdrag: å freista evakuera besteforeldra og kveget på farmen der han sjølv vaks opp, og slik også berga restane av livet han ein gong kjende. Brett Hammersley har kjempa som idealist i regimentet til Arnhem, men krigen er i ferd med å riva ho i filler. I von om å finna attende til det som ein gong betydde noko, freistar også ho å koma seg vekk, gjennom dette siste oppdraget. Men heller ikkje i Tanamiørkenens øydemarker er det lenger mogeleg å sleppa unna krigen. På same tid vert den øvste leiaren i Australia, utanriksminister Eden Elenia Caitleen, stilt overfor eit umenneskeleg val. I dette valet står ho einsam, og tida hennar er i ferd med å renna ut. Når alt ein tidlegare har kjent til, brenn og fell, kvar kan ein då snu seg? Når nederlaget står for døra, kva blir då attende å kjempa for? Og finst det likevel ei framtid, i desse landskapa av undergang?