Til leseforslag
Omslag: "Raudt støv : roman. Bok 1" av Tore Kvæven

Voksne

Raudt støv

Tore Kvæven

Dystopier RomanerFramtidssamfunn Krig Australia
Bestill

Anbefaling

Som Cormac McCarthy skulle skreve manus til «De unge tapre" (1984), og Jon Fosse oversett det.

Australia 2060. I denne framtida raser Krigen, ein krig som John Arnheim, Brett Hamersley og deira våpensøsken taper. Den ansiktlaus fiende vinn siger etter siger, sjølv det vellukka oppdraget til Jegerlaget som boka byrjar med er ikkje nok til å snu krigslukka. Det sett seg i kropp og sinn hjå Arnheim, ein krigsveteran, og det snik seg inn i Brett som er nyare i krigens val; kan ein gjere det rette i krigen?

Flotte naturskildringar, brått brotne av nådelause spenningsscenar, gjer denne lange vegen mot undergang til ei særs anbefalt lesestund.

Det er som Cormac McCarthy skulle skreve manus til «De unge tapre (1984) og det vart oversett av Jon Fosse. I eit stilreint språk vert ei handling frå 80-tals actionfilmar, flott natur og ei nådelaus verd skildra.

Om boken

Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Dei er i fiendens habitat, jakta av avanserte blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt med regnskogens evigvarande fukt og stank. Den verdsomspennande krigen har vart i 17 år. I Australia er det berre ein liten by i nordvest som enno klarer å halde stand mot fienden. Sentralt i forsvaret står John Arnhems spesialeining Dronningas jegerar. Men krigen og alt John Arnhem har trudd på, er i endring. Den sigeren han ein gong trudde han skulle oppleva, synest fjernare enn nokon gong. Medan krigsmaskineriet rullar fram i all sin brutalitet, finst naturen der, også den full av elende, men òg av livskraft. Medan menneska manøvrerer mot sin eigen undergang, gjer villhestane som dei alltid har gjort, dei følgjer flokken og instinktet og gjer kva dei kan for å overleve.

Kontakt

Gjesdal kommune
Ansvarlig redaktør: Bjørn Veen
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content