Til leseforslag
Omslag: "Nidhoggr : thriller" av Bjørn Sortland
Ungdom

Nidhoggr

Bjørn Sortland

Romaner ThrillereNorrøn mytologi Tenåringsjenter Bømlo
Bestill

Anbefaling

Konsentrert ungdomsbok

Om du spør ungdom kva dei vil lese svarar dei korte, spanande, korte bøker med bilete! Sortland har fått med seg dette, og skrive ei sånn bok:

Maria arbeider som fotograf. Ho er ikkje ein god plass i livet, ho har nett mista kjærasten sin og noko i fortida hennar plagar ho. Ut av det blå får ho eit oppdrag frå ein som kallar seg Finn Baal, han jobbar på UiB, og vil ho skal filma han i samband med eit undervisningsopplegg ute på ei aude øy. Alt er ikkje slik det ser ut. Kan dette gå godt?

Nidhoggr er skrevet med korte og få setningar, det er fotografi på mest kvar side og ho er konstant intens spanande. Kva er det å ikkje like her?

Om boken

Mobilen gir seg ikkje, eg stressar med å låsa opp garderobskapet, folk ser på meg. Så blir han stille. Eg har ikkje fått trusa ordentleg på meg. Eg står med handkleet rundt livet. Vondt i magen. Eit nummer eg ikkje kjenner. Marie (19) går på medialinja. Ein dag får ho ein telefon frå professor Finn Baal ved Universitetet i Bergen. Han tilbyr henne 30 000 for å filma eit undervisningsopplegg han vil laga, basert på soga om slangen Nidhoggr frå norrøn mytologi . Ho treng berre vera ute på Slåtterøy ein dag og filma han. Når ho kjem ut på den ugjestmilde øya, finn ho ut at Finn Baal ikkje jobber på universitetet, ja han finst ikkje nokon stad som helst på nettet. Ho burde ha sjekka litt meir enn det som viser seg å vera ein feik facebook-profil. "Nidhoggr" er ein psykologisk thriller for ungdom. Fortelling for ungdomstrinnet/voksen ungdom.