Keisar Augustus : roman
Bok
Ungdom

Keisar Augustus

Peter Franziskus Strassegger
Rusmisbruk
Reserver

Ein ny framand ungdom med ei broket fortid kjem til ei bygd i vansker.

Dette er tredje historia frå ei lita bygd på Sør-Vestlandet (Det er Bryne). Ei bygd som slit med sine unge, rusbruk og valdshendingar. August er ny, men namnet hans høyrer til her. Mora vaks opp før ho vert teken av utferdstrong. Men no er alle andre bruer brent, og dei to søker heim. Dei har litt av kvart med seg i bagasjen, både i koffertane og det som dei bær inni seg.

Det er lågmælt og realistisk om ganske store ting. Det blir fortalt, ikkje forklart. Det er kanskje slik, at dei som veit, dei veit. Dei som har kjend på rusen si makt eller på dei store kreftene i kroppen når makt vert brukt, dei treng kanskje ikkje ei skildring.

Det er eit bart litterært landskap dette. Men temaet er høgaktuelt og godt lagt fram

Om boken

Tredje bok i kritikarrost ungdomsserie. August og mora flyttar til mora si heimbygd på Vestlandet. Bygda er for tida snudd på hovudet etter ein periode med aukande ungdomskriminalitet. August blir kjend med Per og Oskar, som gradvis dreg han inn i ei verd prega av rus, vald og steling. Men så dukkar Aman opp. Sjølv om han òg gjer ulovlege ting, har han eit større perspektiv på livet enn Per og Oskar. August må ta eit val om kva slags liv han vil leve vidare. Vil han følgje sporet til Per og Oskar og rømme frå vanskane sine gjennom rusen? Eller klarar han å ta lærdom av kameratar som Aman? Keisar Augustus handlar om ungdomskriminalitet og påverknad, men også om å ta val og å ta ansvar for livet sitt. For sjølv om ein er i trøbbel, finst det alltid ei moglegheit til å få det betre, også når livet er på sitt mest intense. Forteljing for ungdomstrinnet.

Keisar Augustus : roman | Gjesdal folkebibliotek