
Ei bok som får deg til å tenkje på at verda har gått framover, men og at godt og vondt er tidlaust.
14. april 1733. Josefa er 15 år og vert sendt over fjorden for å være tenestejente på storgard. Heime er dei for mange, no må ho sjølv klare seg. Eitt år er avtalen, før det kan ho ikkje dra. Men den førre tausa, Johanne, ho drog. Kvifor?
Josefa opplever i si tid på garden både dei verste, men og dei beste side hjå mennesket.
Ei bok som får deg til å tenkje på at verda har gått framover, men og at godt og vondt, det er tidlaust. Og den scenen, med Josefa åleine i fjoset i stormen. Du veit det når du les det. Herrefred, det var sterkt. Den vil sitje lenge i meg den.
Etter å ha lese boka gjer bokomslaget meg frysingar ned ryggen. Det aller beste omslaget i år, faktisk på mange år! Fantastisk!
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
Om boken
Historisk roman om skam, urett og overtru. Josefa er femten år gammal då faren ror henne over fjorden for å gå i teneste på storgarden Li. Trass i saknet etter familien trivst Josefa blant tenestefolka på garden, og særleg Sara blir ein nær ven. Men alt er ikkje like fint som det verkar, på Li, og snart får Josefa erfare kva det er som ligg og ulmar under overflata. Før det blir morgon handlar om å vere ei ung jente i Noreg på 1700-talet. Aina Basso skildrar historia på ein sanseleg og truverdig måte. Det er noko tidlaust over måten ho skriv om kjenslene, tankane og draumane til Josefa på. Samstundes viser ho fram ein røyndom der dei fleste menneske var prisgitt overmakta. Roman for ungdomstrinnet.