Omslag: "Eg rissa desse runene : noveller" av Aina Basso
Bok
Voksne

Eg rissa desse runene

Aina Basso

Historiske fortellingerRuner Middelalderen
Reserver

Les meldingar frå fortida

Runnepinnar. Trebitar og greiner med runer rissa inn i seg med ein kort bodskap. Det var den tids meldingar. Basso har teke utgangspunkt i tretten stykker som er funne, og skrevet ei historie for kvar, inspirert av det som stod på den.

Det har blitt kvardagshistorier frå ei anna tid, rundt 11-1200-talet så ulik, men og så lik vår. For om verda rundt oss har forandra seg på dei ca. 1000 åra som skil oss og dei i boka er sjølve mennesket ganske uforandre på 40 000 år. Så du kan sei at menneske sleit med det samme da, men kanskje løysningane ikkje var heilt like

Det er stor spreiing i historia, det går frå tung realisme til magisk tenking, frå vonde skjebner til vare øyeblikk. Møt bornlause kvinner og trulause menn, bli med på kyrkjeliv og huldrebryllaup og tenk nytt om tannverk og treskjæring

Om boken

Fiskaren Ragnar dreg opp eit garn som aldri blir tomt for fisk. Havgrim kløyver skallen til Harald med øks og blir lyst fredlaus. 11 år gamle Eidunn blir send vekk frå familien for å gå i lære i nonneklosteret, mens tannknekkaren Bergsveinn minnest Bergtora, som valde å bli dødeleg for kjærleiken sin til han. Novellene i denne boka har ei historisk runeinnskrift som førelegg. Innskriftene stammar frå 1100-1200-talet og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrifter og magiske formular. Aina Basso pustar liv i menneska og mellomaldersamfunnet, ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.

Eg rissa desse runene : noveller | Gjesdal folkebibliotek