Levende og døde i Winsford

Ei kvinne i femtiåra dukkar opp i ein liten landsby i Sør-England med hunden sin, og leier eit hus. Kven er ho, og kva gjer ho her?

Ei ny bok av Håkan Nesser blir alltid motteken med glede, så også denne. Han har ei god evne til å fornya seg, og du veit aldri kva du får. Denne har den litt krypande stemninga av uhygge, og følelsen av at ting ikkje er som dei skal vera. . Ei middelaldrande svensk kvinne dukkar opp i ein liten landsby i England. Ho leier eit hus under falskt navn, går lange turar på heden med hunden og held seg for seg sjølv. Det er mykje tåke og regn her. (derav forsida) Kven er ho, og kva gjer ho her? Det er kvinna sjølv som er forteljar, og gradvis blir historia avdekka. Det viser seg at alle trur ho er i Marokko saman med ektemannen sin, som skriv på ei bok om kva som eigentleg hende i Marokko for tretti år sidan. Men kvar er han, og kvifor er ho her? Ho kan jo heller ikkje unngå å koma i kontakt med folk etter kvart, og det blir meir komplisert for henne då ho møter ein mann som blir interessert i henne. Det er  vanskeleg å sjå for seg korleis dette skal enda, og det gjer det meir interessant å fylgja historia.

Målgruppe:

Tipset av: Ingeborg Bjelland 27. august 2015