Hvorfor hopper jeg

Har du lurt på korleis det er å vera autist? Sett med perspektivet til ein som faktisk er det? Her er boka!

Denne boka er ei heilt unik innføring i korleis det er å leva med autisme. Den er nemlig ikkje skriven av dei som har autistar i familie eller omgangskrets, eller dei som jobbar med dei yrkesmessig. Den er skriven av ein ung gutt som er autist, og det er nokså uvanleg. Så alle som på ein eller anna måte har kontakt med autistar, bør absolutt lesa denne. Men den er og interessant for alle andre, som kanskje ikkje ein gong kjenner nokon som har det, men som bare er interessert i kor mangfoldig livet kan vera, og kor ulike forutsetningar vi har for å takla livet.

Japanske Naoki Higashida er fødd i 1992, og er sterkt autistisk. Denne boka skreiv han då han var 13 år. Naoki kan ikkje føra ein vanleg samtale. Han kan synga eller lesa høgt, men når han skal snakka med nokon finn han ikkje orda, eller orda gir ikkje meining. Ved hjelp av ein alfabettabell mora laga til han, lærte han seg først å kommunisera ved å peika på bokstavane. Seinare lærte han å bruka datamaskin. Slik kan han fortelja korleis han har det.  Då han var liten var han ikkje klar over at han var eit barn med spesielle behov, seier han. Dette fann han ut ved at andre fortalte han at han var veldig annleis, og at dette var eit problem. Men greit nok seier han, eg ser at eg ikkje klarer å oppføra meg som folk flest gjer. Så tar han for seg mange av dei spørsmål folk stiller seg om å vera autist, og svarer utruleg forklarande på dei. Vi trur kanskje at barn med autisme er fjerne og innelukka, og ikkje har dei same følelsane som andre. Men Naoki viser både kreativitet, fantasi og innleving. Han kan bare ikkje få kommunisert så lett .Eg skal nemna to, tre  eksempel på ting han tar opp. Folk spør han ofte kvifor han spør så ofte om igjen dei same spørsmåla. Det er ikkje fordi han ikkje har forstått svaret seier han, men fordi han ikkje klarer halda det fast i tanken. Han førestiller seg at andre folk sin hukommelse er organisert samanhengande, som ei linje. Hans hukommelse er derimot ei rekke punkter, og desse må han plukka opp igjen heile tida. Slik reflekterer han over mange ting. Folk spør kvifor autistar ofte lærer seg rutetabellar. Fordi det er gøy! Autistar får ofte eit kick av å halda på med tall, seier han. Det er fordi tall er uforanderlege og bestemte, og treng ikkje tolkast. Eit 1 tall er eit 1 tall! Folk spør kvifor han fortset å gjera ting han ikkje har lov til. Han får ofte skjenn for det, seier han, men det er ikkje for å vera slem eller ulydig. Det er det med å halda ting fast i hukommelsen. Neste gong situasjonen oppstår, har han gløymt kva som hende sist.

Slik tek han for seg alle ting vi lurer på, autistar sitt forhold til fysisk kontakt med andre, det at dei av og til hopper, snurrer rundt eller veiftar med hendene, forholdet til naturen, kva dei sjølv synest er vanskelig, o.s.v o.s.v.

Denne vil eg sterkt anbefala, eg garanterer at den set i gang utruleg mange tankar i hovudet ditt!

Målgruppe:

Tagger:

Tipset av: Ingeborg Bjelland 29. januar 2015