Den mørke porten

Du kan ikkje flykte frå fortida di.

Dei fleste som tenkjer tilbake på tidligare tider gleder seg over gode minner. Om sorglause summarar, opplevelser med vener, familieferier,  kanskje det fyrste kyss? Men for nokon er fortida er ikkje berre gode minner, ho er heller noko ein helst vil gløyme. For der gøymer seg farlege løyndommar, dødelege løyndommar.

Boka byrjar med eit drap. Ein mann vert funnet, knivstukken og fastbunden i ei kyrkje og politiet koplar kjapt saka til ein annan sak: Drapet på psykolog Kjartan Scheel, som for fem år sidan vart funnen på same viset. Denne koplinga fører Scheel si tidligare kollega og elskar Ine Grieg inn i mordetterforskinga.

Boka går over sju dagar i desember, og er delt inn sånn at kvar dag starter med eit mord, og så følgjer vi Ina og hennar forsøk på å koma til botnen i saka. Ei sak som har røter langt tilbake i tid. Og det vert farleg, sjølv for ein godt trena kickboksar som Ine Grieg. Heldigvis er ho ikkje åleine, med seg på laget har ho lensmannsbetjent Hege Rimbereid og den pensjonerte psykologiprofessor Trygve Winther. Lensmannsbetjenten er ei trygg klippe medan psykologiprofessoren er ein infam skikkelse som ho kun har kontakt med på nettet. Det blir ei spennande veke der vi følgjer Ine Grieg og hennar meir og meir desperate jakt etter mordaren,for  jo nærare ho kjem, jo farlegare vert det for hennar næraste.

Som i Lars Mæhle si ungdomsbok Fuck you, I love you frå i fjor, handlar det om vold og gruppepress. Kor stor makt frykt kan ha, og kor langt ein omsynslaus kan få gå i dagens samfunn. I filmar løyses konfliktane med vold. Vi liker når skurken straffa, helst drepen. Men i røyndommen er det ikkje slik, då har kriminelle krav på ei rettferdig rettssak. Me fengslar ikkje for hemn, men med tanke på å forhindre fleire brotsverk. Når soninga er over er skal gjerningsmannen kunne komme attende til samfunnet, han har betalt for sit brotsverk. Men kva skjer når lovar og regler ikkje sørgjer for at rettferdigheita sigrar?

Målgruppe:

Tagger:

Tipset av: Bjørn Veen 29. november 2013