Huskeliste

Du har 0 titler på huskelisten.

Vis huskeliste

Starten av innholdet

Aldri tilfreds

Omslagsbilde for Aldri tilfreds
Tittel: Aldri tilfreds
Forfatter: Desplechin, Marie
Klikk for å vurdere Aldri tilfreds.
Foreslått av: Bjørn Veen

Jøss. Ei morosam ungdomsbok. No står verda ikkje til påske. Og omsett frå fransk til nynorsk? Galskap.

Eg fatta interesse for boka etter å ha snappa opp at Nemi vart brukt for å beskrive ho. Så eg låg på sofaen i går kveld og las ei fjorten år gamal fransk jente si dagbok, og eg fniste mens eg gjorde det.  Dette har Aurora å seie om seg og sine sysken:

GODHJARTA. Sophie er intelligent. Jessica er pen. Og eg, eg er godhjarta. Eg lurar på kven som er svarteper?”

Det er svart humor, så eg ser kvifor dei brukte Nemi som eksempel. Det blir sagt mykje dramatisk, men på ein nøktern måte. Så her er nokre eksempel, trekk du på smilebandet, lån boka. Dersom ikkje så er det fleire bøker i havet:

”- Eg er eit misfoster, sa Lola
-         Det veit eg, svarte far hennar.
-         Aurora og.
-         Eg hadde ein mistanke.
-         Du kunne jo godt fortalt meg det før…
-         Eg har jo tenkt på det, og mang ein gong, men eg fekk meg ikkje til å øydeleggje illusjonane dine

Andre gullkorn:
Personar som ikkje eig sjarm, er nesten tvinga til å oppføres seg tarveleg. Det er ei psykologisk lov. Sophie, eg tilgir deg, for eg synes berre synd på deg.”

Eg burde faktisk skrive livshistoria mi. Eg kjenner massevis med folk som elskar realistiske og tragiske forteljingar. Da ville eg ende opp åleine, men rik, og det er i det minste betre enn å ende opp åleine og fattig.”

Eg veit korfor eg er dritdårleg i matte (og historie, og fransk, og gym, til og med). Dei forklarte det nettopp på tv. Eg er overintelligent. Så enkelt

Brukerkommentarer

Du må være logget inn for å skrive kommentarer.

Ingen kommentarer
CS Library-RSS

Nytt tips

  1. Primitive pungdyr

    Klikk her for å lese mer om tipset Primitive pungdyr.
    Svingen, Arne

    Rikard, best kjent som Dick, har en ting han er veldig god til. Å være negativ.

  2. En deltidsindianers fullstendig sannferdige dagbok

    Klikk her for å lese mer om tipset En deltidsindianers fullstendig sannferdige dagbok.
    Alexie, Sherman

    Dette er ingen pingles dagbok. Denne boken er for deg som både takler både klump i halsen og krampelatter.

  3. Aldri tilfreds

    Klikk her for å lese mer om tipset Aldri tilfreds.
    Desplechin, Marie

    Jøss. Ei morosam ungdomsbok. No står verda ikkje til påske. Og omsett frå fransk til nynorsk? Galskap.

  4. Hyperpubertet

    Klikk her for å lese mer om tipset Hyperpubertet.
    Micaelsen, Vera

    Morsomt og klokt om pubertet og mobbing

  5. Kabang! av Mark Haddon

    Klikk her for å lese mer om tipset Kabang! av Mark Haddon .
    Haddon, Mark

    Lett og morsomt om rare lærere, kjipe storesøstre og galaktisk trøbbel