Huskeliste

Du har 0 titler på huskelisten.

Vis huskeliste

Starten av innholdet

Guillou : Brobyggerne

Omslagsbilde for Brobyggerne
Tittel: Brobyggerne
Forfatter: Guillou, Jan
Klikk for å vurdere Brobyggerne.
Foreslått av: Ingeborg Bjelland

Tre fattige, farlause fiskarsøner frå Osterøy blir sende til Dresden for å bli ingeniørar, og vera med å byggja Bergensbanen.

Viss du likar historiske romanar, så les denne. Den er spennande, det er lærerikt, og det er ei fascinerande historie. Det er i byrjinga av 1900-talet, den teknologiske utviklinga er stor, og i Bergen drøymer ein store draumar om å byggja jernbane frå Bergen til Oslo. Tre små brør frå Osterøy har mista far sin på sjøen, og blir sende til Bergen i repslagarlære. Her blir det oppdaga at dei alle tre har uvanlege evner i teknikk og ingeniørkunst. Rike forretningsmenn tek på seg å kosta ingeniørutdanning på dei i Dresden, mot at dei skal koma tilbake og vera med å byggja Bergensbanen.

Alle tre gjer det godt på skulen, og får ei solid utdanning. Men berre ein vender tilbake til Bergen. Den eine blir sviken og bedratt av ei jente, og stikk av til Afrika. Der blir han med å byggja jernbane i Kongo. Den andre forelskar seg i ein engelsk lord. Han kan ikkje reisa tilbake til Bergen med ein mannleg kjærast, og blir med han til London. Men den tredje reiser tilbake for å halda løftet sitt. Vi får levande skildringar av korleis jernbanen veks fram over fjellet, og bruer som aldri har vore bygde før må reisast. Utfordringane er store teknisk, men nesten like store i forhold til klimaet. Det er store snømengder, det er storm og sterk kulde. Men Lauritz held ut, og prosjektet blir fullført. Han lengtar heile tida intenst etter si tyske Ingeborg. Ho er adeleg, og far hennar vil ikkje gje henne til kven som helst. Sverre må i alle fall fyrst bli rik.

Samstundes med dette får vi høyra om Oscar i Kongo. Han byggjer og jernbane, menmøter sjølvsagt heilt andre utfordringar i forhold til klima og dyreliv. Vi får og høyra om forholdet til dei innfødte, og om korleis dei kvite for fram i Afrika.

På denne tida er framtidstrua sterk, og ein trur at den teknologiske utviklinga skal skapa eit betre samfunn, og det skal vera slutt på alle krigar... Når den fyrste verdskrigen bryt ut, får det store fylgjer for dei alle.

Boka er den fyrste i ein triologi. I bind 2 får vi høyra meir om Sverre sitt liv i London, og i bind 3 møtes brørne att i Tyskland. Dei to eldste har familie, kone og barn, og Sverre er då aleine. Her får vi høyra om korleis dei har det under andre verdskrig.

Brukerkommentarer

Du må være logget inn for å skrive kommentarer.

Ingen kommentarer