Huskeliste

Du har 0 titler på huskelisten.

Vis huskeliste

Starten av innholdet

Komlelandet

Omslagsbilde for Komlelandet
Tittel: Komlelandet
Forfatter: Bjånesøy, Kjartan Brügger
Klikk for å vurdere Komlelandet.
Foreslått av: Ingvild Seland

Er komler ein av favorittrettane dine? Då er dette boka du må lese!

Vestlendingen Kjartan Brügger Bjånesøy har vore ute på ei reise i Komlelandet: Europaveg 39 frå Kristiansand til Trondheim som her blir utnemnt til "den nasjonale komlevegen". Vi får komlekulturhistorie, mimring om mor sine komler, raspeballar, komper, osv., og vi får oppskrifter på dei ulike variantane frå komleekspertar langs vegen. Vi møter "The Komlelady in New York", fødd i Hauge i Dalane for over 80 år sidan og vi får lese om komleslektningar i Riga, Praha og dei italienske Dolomittane. Ein av dei fyrste gongene ein finn ordet komle - eller "kumle" i litteraturen, er i ei ordliste frå Stavanger frå 1698. Dette var før poteten si tid, så definisjonen er "boller paa suppen oc saad" - små mjølbollar som ein kan ha i supper. Så mykje nostalgi! Som utflytta sørlending: det må bli komper til middag i morgon!

Brukerkommentarer

Du må være logget inn for å skrive kommentarer.

Ingen kommentarer